torsdag 4. desember 2008


Sjå kor han ligg der så yndig og søt
og snur seg så uroleg i sine draumar
Klør seg søvnig i auga og gløtter
lurer på når lyset frå dagen flaumar

Mor har vaska og pynta så fint
med kvist og med raude kuler
Sjølv ute ved den kalde doen
sit det ein nissefar så blid og skuler

Han kjenner på den gyvande, gode iver
som gjer han så uendeleg rastlaus
Og han kjenner på den gode glede
over at snart kjem Mr. Santa Claus

Mens snøen dalar ned så lett og kvit
kunne han meine å sjå langt der ute
i Crosby’s fortryllande "White Christmas" verd
ei lysande raud nase over himmelen i rute

Omsider finn han tilbake til den gode roa
då legg han hovudet ned att på puta
For det VAR Rudolf og Nissen han såg
sjølv om frosten hang tett utpå ruta
- cato -

Ingen kommentarer: